Nye Eidsmona Næringspark

Nytt næringsbygg utforma og tilpassa behova til kvar enkelt leigetakar

Unikt næringsbygg skreddarsydd til nye leigetakarar

I samarbeid med Huus Ravnestad Eigedom AS planlegg Vestland Eigedomsutvikling AS å etablere Eidsmona Næringspark. Vi ynskjer å byggje eit nytt næringsbygg i Eidsmona for ulike næringsaktørar i Nordfjord distriktet. Det planlagde bygget vil i stor grad kunne individuelt tilpassast kvar enkelt leigetakar og er såleis eit unikt prosjekt i regionen.

Bygget vil kunne ha ei grunnflate på over 800m2 og kan seksjonerast i ulike størrelsar, både med og utan etasjeskille. Ein del av bygget vil værte sett av til fellesområde for alle seksjonar med bla. kantine/kjøkken, toalett og garderobe.

Sentral lokasjon med god eksponering

Eidsmona ligg heilt sentralt i Gloppen kommune. Med E39 berre eit faktisk steinkast unna er det kort reisetid til alle deler av kommunen.

Med svært god synlegheit frå E39 vil fasadeskilt på det planlagde næringsbygget gje bedrifter god eksponering til forbipasserande langs vegen, i begge retningar.

I snitt passerar det 2500 bilar kvar dag. Den nybygde drivstoff-stasjonen gir også god eksponering på framsida av bygget.

Avstandar:

  • Sandane sentrum – 5 min (3,8 km)
  • Reed – 10 min (9,1 km)
  • Sandane lufthamn – 11 min (12,7 km)
  • Rygg – 12 min (10 km)
  • Anda ferjekai – 13 min (14,9 km)
  • Byrkjelo – 15 min (14,5 km)

Sandane sentrum

Sandane lufthamn

Byrkjelo

Felles grunnpakke for alle seksjonar

Kvar av seksjonane inkluderar ein grunnpakke som inkluderar bla.

  • Belysning i tak
  • Elektro, VVS
  • Brannalarm
  • Internett
  • Køyreport
  • Dør med elektronisk adgangskontroll

Behov utover grunnpakken kan tilretteleggast  kvar enkelt leigetakar med eit tillegg i leiga. Det er også mogeleg å utføre slike tilpasningar sjølve etter nærmare avtale.

Illustrasjonsbilete av korleis seksjonsbygget vil sjå ut. Endelig fasade avhenger av behova og ynskjene til leigetakarane.

Skreddarsydd etter individuelle behov

Alle seksjonar kan individuelt tilpassast for å imøtekome behova til kvar enkelt leigetakar. Tilpassingar som avklarast på førehand er med på å for å forenkle byggeprosessen og ikkje minst redusere kostnadar for alle partar.

Kanskje det viktigast av alt er at seksjonsstørrelsen også kan tilpassast for dei som melder si interesse tidleg i prosjektet. Meir informasjon om dette er tilgjengeleg i vårt eigedomsprospekt.

rutemeter grunnflate

%

skreddarsydd

laNGTIDSLEIGE

Fellesareal

Garderobe, toalett og kjøkken/kantine

Leigetakarar får tilgong på fellesareal med blant anna garderobe, dusj og toalett. Kjøkken/kantine vil være tilgjengeleg med alle nødvendigheiter. 

Internett

Alle seksjonar får også tilgong på internett og sitt eige nett adskilt frå andre leigetakarar.

Vedlikehaldsfritt

Alt utvendig vedlikehald, snørydding, vask og vedlikehald av fellesareal inngår som en del av leiga slik at du som leigetakar kan fokusere på dine oppgåver.

Illustrasjonsbilete av korleis seksjonsbygget vil sjå ut. Endelig fasade avhenger av behova og ynskjene til leigetakarane.

Kontakt oss

Dersom det er av interesse å leige eit lokale i dette nye næringsbygget så er utfyllande og meir detaljert informasjon tilgjengeleg i eit prospekt. Vi tar også gjerne ei befaring av næringseigedomen samt visning av et tilsvarande bygg på same tomt.

Bruk skjemaet nedanfor eller sjå kontaktinformasjon nederst på sida.

Vi håpar å høyre i frå dykk!

Prosjektansvarleg

Daniel Huus

Telefon
E-post
Firmaadresse

Eidsmona 2, 6823 Sandane

Kontoradresse

Kråvasslia 16a, 5134 Flaktveit